Ein time tidlegare hadde Fortun saman med sektordirektør Hilde Myrberg teke taubana opp på Nausanosi, ein på fleire vis underleg innretning, men til usigeleg stor nytte når ein skulle høgt til fjells og inn i tunnelane for å gjere eit stykke arbeid. Gjennom åra har Anders Fortun gjort denne luftferda nokre tusen gonger. I vintermånadane har han brukt beina for å kome opp til tunnelinnslaget på om lag 950 meter.
Han er vant med å ta seg fram i naturen. Som ung gut med lang og ualminneleg bratt veg mellom heimen og skulen var det aldri på tale med skyss.
Ber med seg historia
Anders Fortun er den siste som fram til denne tid har bore med seg heile den eventyrlege og meir enn 45 år lange historia frå byrjinga av Fortun-utbygginga. Historia går attende til midten av 1950-talet då ei vidare utbygginga av aluminiumverket i Årdal kravde meir elektrisk kraft. Svaret låg i Fortun, der ei rad fjellvatn kunne gje grunnlag for ei verkeleg stor utbygging. Fallhøgda var om lag 1.000 meter.
Då Hydros aluminiumverksemd i 1986 gjekk saman med Årdal og Sunndal Verk, vart Fortun det mestproduserande kraftverket i Hydro Energi. I dag har Skagen kraftstasjon i Fortun ein årsproduksjon på 1,6 TWh.
Det var ei sagnomsust utbygging som gjekk føre seg på slutten av 50-talet og tidlig i 60-åra. Fortun-utbygginga er mellom anna kjend for dei mange rekordane i drift og boring av tunnelar. Ny teknologi gjorde sitt inntog.
Men det gjorde òg 900 anleggsarbeidarar i den vesle og fredfylte vestlandsbygda. Dei kom med ei ny tid. Anders Fortun, som vaks opp på Optun, ein plass i liene oppover mot Nausanosi, brukar ganske sterke ord:
- Før var vi her for å overleve. Med kraftutbygginga kunne vi òg leve, seier han. Mange fekk arbeid. Mellom dei var Anders og far hans.
I 1959 var Anders med å montere den første maskinen i Skagen kraftstasjon. Han hadde gått den mekaniske lina på skulen i Sogndal og hadde interesse for slikt arbeid. Løna var 5 kroner og 72 øre i timen. Det var mykje pengar for ein ung gut, fortel han.
Seinare fulgte han på og tok utdanning som maskinist i Bergen - før han kom attende og byrja jobbe som maskinvakt i kraftstasjonen.
Ein vassekte prøysar
- Lat gå at han var ein "slavedrivar", men vi gløymer han aldri. Rommel hette han, tyskaren som leia arbeida. Ja, det er vel meir på sin plass å kalle han ein prøysar - sjølv om han gjekk med grøn hatt med fjør og lærbukse - Lederhosen. Dessutan gjekk han med fløyte i kjeften. Var det nokon han ville tale med, blæs han i fløyta så han fekk alles merksemd - og deretter peika han på rette person....
Med til oppgåvene for unge Anders høyrde òg å hente øl til dei tyske arbeidarane. Kvar veke måtte han ta turen til Sogndal for å hente tre kasser øl. Kan hende var det ikkje så underleg at Anders etter kvart vart lei av å vere ølkøyrar - så han ymta frampå at dei kanskje kunne drikke litt vatn. - Men det vart avvist. "Wasser ist für Turbinen" var svaret. Så var den saken avgjort.
Variert arbeidsdag
Fortun har ord på seg for å vere eit av dei mest kompliserte kraftverka i Noreg - 17 magasin ialt, nokre nær 1.400 meter over havet. Svartdalsvatn er eit treårsmagasin. Fanaråkbreen og Smørstabbreen gjev godt tilsig og tryggar høg kraftproduksjon gjennom heile året, men set òg ekstraordinære krav til drift og vedlikehald.
Anders Fortun har gjennom åra hatt stor variasjon i oppgåvene. Han har arbeidd i kontrollrommet, vore arbeidsleiar, planleggar, hatt ansvar for HMS i samband med oppgraderinga av anlegga i andre halvdelen av 90-talet - og han har drifta taubana i Nausanosi-lia. Den har han køyrt sidan 1965.
Samstundes er han ein mann med eit aktivt liv utanom jobben: Han er langrennstrenar med oppgåver heilt opp på nasjonalt nivå, og er ein ildsjel i drifta av sommarskisenteret på Sognefjellet.
- Vi vart spreke av all skiløypinga i høgfjellet. Vi kunne ha turar på to-tre dagar for å kome rundt og foreta regulering av magasinuttaka. Kan hende var det eit framsteg at vi etter kvart kunne ta oss fram med snøskuter, men det var òg noko som gjekk tapt.
Lat oss ta med at Fortun kallar seg ein "ivrig, men middelmådig skiløpar". Det er som trenar og idrettsleiar han har hausta dei beste resultata. I dag er han framleis styreleiar i IL Fannråk og kretstrenar i langrenn, og han køyrer tråkkemaskina på alpinsenteret.
"Dei aller beste åra"
I vel ti år arbeidde Anders Fortun på skift i kraftverket. Kan hende var det dei aller beste åra. - Det var då eg hadde mest tid til også å gjere heilt andre saker: Gå mykje på ski, drive rypejakt, fiske laks.
Han let det skine gjennom at det kan bli godt å får meir tid til slike gjeremål. Neste år er han med og arrangerer Duathlon - med start i Skjolden, skift frå sykkel til joggesko på Turtagrø og innkomst på Fanaråki, 2068 meter høgare. Anders lyser av entusiasme når han får greie ut om arrangement som Duathlon, Tinderittet og interessa for fotball. Sogndal har han fulgt sidan lenge før den historiske cup-finalen på Ullevål i -76 - vestlandsoppgjeret der Brann slo Sogndal 2-1, men sogningene tapte med ære.
Drama i boka
Mykje vatn har runne i havet, men til tider har ikkje alt gått heilt etter læreboka. Då har Anders notert det ned i boka si. Han blar opp; 3. august 1967: Dambrudd på Ringsdalsdammen. Kan hende var det det mest alvorlege han har vore med om.
Men han har òg notert om andre dramatiske hendingar. Ein gong kunne det gått riktig ille. Det var då vinden tok tak i snøskuteren, løfta både skuteren og Anders opp, slo dei rundt fleire gonger.
Så lukker han boka. Eventyret om Skagen og Fortun held fram, men det vert ikkje skrive fleire kapittel med Anders Fortun som sentral aktør.