Prosessoperatører

Hydro Husnes doblar produksjonen – er du ein av våre 90 nye kollegaer?

Hydro er eit fullt integrert aluminiumselskap med 35.000 tilsette i 40 land på alle kontinent, med lokal ekspertise, verdsomspennande verksemd og eineståande kompetanse på FoU. I tillegg til produksjon av primæraluminium, valsa og ekstruderte produkt og resirkulering, driv Hydro med utvinning av bauksitt, raffinering av alumina og produksjon av energi, noko som gjer oss til det einaste selskapet som dekkjer alle områder av den globale aluminiumsindustrien. Hydro har aktivitetar i alle marknadssegment for aluminium, med sal og handelsaktivitetar langs heile verdikjeda og meir enn 30.000 kundar. Med utgangspunkt i over 100 års erfaring med produksjon av fornybar energi, teknologi og innovasjon, tek Hydro sikte på å gje større livskraft til kundane vi tener og samfunnet vi er ein del av, gjennom å bygge ei berekraftig framtid med nyskapande løysningar basert på aluminium.

Aluminiumsproduksjonen på Hydro Husnes skal opp til full kapasitet, og me treng over 90 nye tilsette til å vera med på eventyret!

Hydro Husnes ligg i Kvinnherad kommune i Sunnhordland, med gode oppvekstvilkår for barn og ungdom. Området kan by på ein idyllisk skjergard, høge fjell og isbrear, og det er moglegheiter for varierte fritidsaktivitetar på både sommar- og vinterstid.

Hydro Husnes har i dag omlag 250 tilsette og produserer 95 000 tonn/år aluminium som blir støypt ut som pressbolt.

Me står framfor ei spennande tid i lys av Hydro si avgjerd om oppgradering og restart av ny produksjonslinje (B hallen) på Husnes. Dette inneber ei fordobling i produksjonen med forventa oppstart i 2020, og høg aktivitet på Husnes i dei kommande åra.

Me søker etter prosessoperatørar til Elektrolyse, Støyperi og Anodemontasje for oppstart i 2019. I oppstartsfasen vil du jobba med å bygga elektrolyseomnar (omforing) i Katodeverkstaden.

Ansvarsområde

  • Arbeidsoppgåvene vil foregå i produksjonslokala for aluminiumsproduksjon, og vil vera allsidige i form av prosesstyring, køyring av kranar og køyretøy, i tillegg til manuelt arbeid
  • Bidra til mest mogleg effektiv produksjon av aluminium og aluminiumprodukt

Kvalifikasjoner

  • Fagbrev innan Produksjonsteknikk og Kjemiprosess er ønskeleg, men kandidatar utan fagbrev vil også bli vurdert 
  • Erfaring frå prosessindustri/produksjonsbedrift er ein fordel
  • Førarkort klasse B
  • Truck og kran sertifikat er ønskeleg
  • Gode norskkunnskapar muntleg og skriftleg, samt engelsk muntleg

Du er oppteken av sikkerheit og kan visa til god HMS åtferd. Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.

Tilleggsinformasjon

Venleg legg ved alle relevante vitnemål, karakterutskrifter og sertifikat med søknaden.

Over tid vil me legga til rette for opplæring både m.o.t. fagbrev og diverse sertifikat.

Dei fleste av stillingane inneber skiftarbeid.

Online bewerben


Aktualisiert am: 16. Januar 2019
;