Skip to content

Automatikar

Vil du vere med på å forme vår historie med din kompetanse, dine personlege eigenskapar og ambisjonar? Hydro har 35.000 tilsette verda over som utvinn, produserer, formar og resirkulerer verdas mest fleksible og berekraftige metall og leverer et utal nyskapande produkt og løysingar.

Hydro Husnes ligg i Kvinnherad kommune i Sunnhordland, ved utløpet av Hardangerfjorden. Kommunen har særs gode oppveksttilhøve for born og ungdom. Området kan by på heile spekteret frå idyllisk skjergard til høgfjell og isbrear, og det er flotte moglegheiter for fritidsaktivitetar både sommar- og vinterstid.

Me står framfor ei spennande tid i lys av Hydro si avgjerd om oppgradering og restart av ein produksjonslinje (B-hallen). Dette inneber ei fordobling i produksjonen med forventa oppstart i 2020, og høg aktivitet på Husnes i dei komande åra. Me forventar om lag 335 tilsette og ein produksjon på om lag 200.000 tonn/år aluminium i løpet av 2020.

Me har no ledig stilling som Automatikar.

Ansvarsområde

Du vil vere del av avdelinga for sentralt vedlikehald, der arbeidsoppgåver blant anna vil vera:

  • Planlegge og utføre vedlikehald innan gitt område/utstyr
  • Feilsøke, teste og verifisere
  • Bidra til å utvikle og automatisere, digitalisere og optimalisere fabrikkutstyr
  • Halde deg fagleg oppdatert, dele kunnskap og erfaringar i organisasjonen
  • Støtte drifts- og vedlikehaldsmiljø med fagkompetanse, samt delta i fabrikken sitt forbetringsarbeid
  • Bidra til eit aktivt og forebyggande HMS-arbeid

Kvalifikasjoner

  • Fagbrev innan automatiseringsfaget
  • Andre relevante fagbrev kan vurderast
  • Erfaring frå automatiserte anlegg er ønskeleg
  • Gode PLS kunnskapar, både feilsøking og programmering
  • Forståing for teknisk dokumentasjon
  • Meistre norsk skriftleg og munnleg, gjerne også engelsk
  • God til å kommunisere og samarbeide med andre

Me ser etter deg som er engasjert, strukturert, initiativrik og kreativ. Du likar endringar og forbetringsarbeid, viser gode HMS-holdningar og evner å utføre jobben i samsvar med Hydro sine standardar og verdiar.

Tilleggsinformasjon

Stillinga rapporterer til områdeleiar sentralt vedlikehald, og vil vere del av vaktordninga for vedlikehald

Helse, miljø og sikkerheit (HMS) er integrert i Hydros daglege verksemd. Det er vårt ansvar å verne om helsa og sikkerheita til våre tilsette, og bidra til ei berekraftig utvikling i dei nærmiljøa vi opererer. Me søkjer derfor tilsette som vil bidra positivt til dette, gjennom sunne og bevisste HMS-haldningar og -handlingar.

Me aksepterer berre elektroniske søknader via www.hydro.com. Ver venleg, legg ved alle relevante vitnemål, diplom og sertifikat.

About the position

Apply before
May 30, 2019
Organization
Primary Metal
Schedule type
Full Time
City / Location
Norway / Husnes
Contract type
Permanent Positions

Contacts

Områdeleiar sentralt vedlikehald Asle Moberg, tlf. +47 905 87 645, e-post: asle.moberg@hydro.com

HR-spesialist Bodil Madslien, tlf. +47 416 17 458, e-post: bodil.madslien@hydro.com