Skip to content

Operatørar til produksjonsavdelingane, Husnes

Vil du vere med på å forme vår historie med dine personlege eigenskapar, kompetanse og ambisjonar? Hydro har 35.000 tilsette verda over som vinn ut, produserer, formar og resirkulerer verdas mest fleksible og berekraftige metall og leverer eit utal nyskapande produkt og løysingar.

Hydro Husnes doblar produksjonen – er du ein av våre 25 nye kollegaer?

Aluminiumsproduksjonen på Hydro Husnes skal opp til full kapasitet, og vi treng om lag 25 nye tilsette til å vera med på eventyret!

Hydro Husnes produserer aluminium i ein elektrolyseprosess. Flytande aluminium frå elektrolysen blir støypt ut som pressbolt, og sendt til kundar for ekstrudering. Hydro Husnes ligg i Kvinnherad kommune i Sunnhordland, med gode oppvekstvilkår for barn og ungdom. Området kan by på ein idyllisk skjergard, høge fjell og isbrear, og det er moglegheiter for varierte fritidsaktivitetar på både sommar- og vinterstid.

Vi står framfor ei spennande tid i lys av Hydro si avgjerd om oppgradering og re-start av ei produksjonslinje. Dette inneber ei dobling i produksjonen, til om lag 200.000 tonn aluminium pr år. Med full produksjon i løpet av 2020, vil vi vere om lag 335 tilsette.
Vi søker etter prosessoperatørar til Elektrolyse, Støyperi og Anodemontasje, for oppstart frå hausten 2019.

Ansvarsområde

  • Arbeidsoppgåvene vil bli utført i produksjonslokala, og vil vera allsidige og varierte. Dette inneber daglege driftsoppgåver og prosessovervaking. Mange av oppgåvene blir utført med køyretøy eller kran.
  • Bidra til mest mogleg sikker og effektiv produksjon av aluminium og aluminiumprodukt

Kvalifikasjoner

  • Relevant fagbrev er ønskjeleg
  • Erfaring frå prosessindustri/produksjonsbedrift er ein fordel
  • Førarkort klasse B
  • Truck- og kransertifikat er ønskjeleg
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg, samt engelsk munnleg

Vi søker deg som er oppteken av sikkerheit og kan visa til god HMS åtferd. Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.

Tilleggsinformasjon

Ver venleg, legg ved alle relevante vitnemål, karakterutskrifter og sertifikat med søknaden.

Over tid vil vi legga til rette for opplæring både mot fagbrev og diverse sertifikat.

Dei fleste av stillingane inneber skiftarbeid.

Helse, miljø og sikkerheit (HMS) er integrert i Hydros daglege verksemd. Det er vårt ansvar å verne om helsa og sikkerheita til våre tilsette, og bidra til ei berekraftig utvikling i dei nærmiljøa vi opererer. Vi søkjer derfor tilsette som vil bidra positivt til dette, gjennom sunne og bevisste HMS-haldningar og -handlingar.

Vi aksepterer berre elektroniske søknader. Vi tar ikkje imot søknadsbrev og CV på e-post.

About the position

Apply before
August 28, 2019
Organization
Primary Metal
Schedule type
Full Time
City / Location
Norway / Husnes
Contract type
Permanent Positions

Contacts

Eivind Torvik
HR business partner
M: +47 977 26 172
e-post: eivind.torvik@hydro.com

Birgitta Sanden
HR spesialist
M: +47 970 31 556
e-post: birgitta.sanden@hydro.com