Skip to content

For Hydro er 2015 eit fantastisk år med feiringar, jubileum og markeringar: Me feirar 110 år som selskap og 100 år som aluminiumselskap med jubileet i Høyanger. Men det starta med vasskraft og visjonen til Sam Eyde og Kristian Birkeland om å temma fossen for å «skapa meir livskraftige samfunn gjennom nyskapande og effektiv utvikling av naturressursar og produkt som verda treng». Formålet vårt i går, i dag og i morgon – og veldig passande for den stolte historia og spanande framtida til RSK.

Etableringa av RSK revolusjonerte vakre Røldal og Suldal, men og Karmøy gjennom å gi livskraft til aluminiumverket som stod ferdig der i 1967. Og om vasskrafta var eit symbol på det moderne samfunnet for 50 år sidan, er det eit endå sterkare symbol i dag: Evig fornybar og openbart ein del av løysinga på den globale klimautfordringa.

Open dag laurdag 17.oktober

Kraftverka i Røldal-Suldal er og ein kraftdemonstrasjon i arkitektur. Heile anlegget – frå turbinhallar, vassmagasin, kontrollrom til bustadar – er teikna av arkitektane Geir Grung og Georg Greve. Mange i lokalsamfunnet kjenner dei ikoniske bygga frå utsida, og nå er endeleg sjansen her til å få sjå arkitekturen og frå innsida.

Reinskorne, geometriske former og eit unikt samspel mellom utsprengde fjellveggar, rå betong og utsikt mot Suldalsvatnet og omkrinsande fjell har fleire gonger sikra kontrollanlegget på Nesflaten topp-plasseringar i arkitekturkåringar. Viktigare enn operaen, slo Dagbladet sin arkitekturjury fast i 2011.

Laurdag 17.oktober vil  Hydrotilsette ved Røldal-Suldal vera tilstades for å visa rundt – blant anna i verkstaden kor besøkjande kan laga sin eigen turbin og straum, i kontrollrommet kor Trygve Brandal frå Ryfylkemuseet vil fortelja om jubileumsboka som nå er skriven, og inn i sjølve kraftstasjonen som er blant dei få i verda kor ein faktisk ser rennande vatn.

Program:
• Ope hus på administrasjonsbygget på Nesflaten kl 11:00 – 13:00
• Gratis middag for alle frå kl 13:00 på Øvre Suldal samfunnshus
• Konsert med Elin Furubotnen m/band kl 14:30
Det vert sett opp gratis buss frå kyrkja i Røldal til Nesflaten klokka 10.30 med retur etter konserten.

Anbefalt for deg