Skip to content

Kronikk: Av Arvid Moss, konserndirektør for Energi i Hydro. Denne kronikken vart først publisert i Hardanger Folkeblad (+) torsdag 28. januar 2021.

I 2008 bestemte regjeringa Stoltenberg II, med Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og ein Olje- ogenergiminister frå Senterpartiet i spissen at lova som omhandlar heimfall skulle endrast. Kraftaktørar blei gitt moglegheit til å unngå heimfall av konsesjonar ved å redusere det private eigarskapet i fossefalla til ein tredel eller mindre. Med dette som bakteppe, har Hydro dei siste åra jobba aktivt for å finne ei løysing som ville gjere selskapet i stand til å fortsette å eige delar av den klimavenlege krafta frå RSK og bruke den til verdsleiande industriproduksjon på Vestlandet. Dette har vertskommunane vore kjend med heilt sidan2014, då me gjorde det klart for kommunane at Hydro ville finne ei løysing saman med ein offentleg eigar slik at det ikkje vart aktuelt med heimfall.

I kongeleg resolusjon skreiv dåverande Olje- og Energiminister Terje Riis-Johansen frå Senterpartiet føljande om endringa i heimfallsreglane: «(…) Det oppstår også et tap for vertskommunene som ikke vil få tilgang på inntil 1/3 av de hjemfalte verdier slik industrikonsesjonsloven bestemmer. (…) Av forarbeidene fremgårat lovgiver var klar over at det ville oppstå et tap for vertskommunene som følge av bortfall av hjemfalte verdier,men det ble ikke tillagt avgjørende vekt. Det ble forutsatt at det ikke skulle gis noen kompensasjon som følge av bortfallet av inntekter.»

Det var altså eit klart val dei norske folkevalde tok for litt over ti år sidan. Andre selskap har alt nytta det høvet lova ga. Lyse og Hydro følgjer intensjonen i lova og dette er ikkje eit særskild tilfelle. Resultatet avLyse-Hydro-transaksjonen er at meir enn 2/3 av krafta i Lyse Kraft DA kjem på offentlege hender, medanHydro kan fortsette å nytte sin del av krafta til industriproduksjon. Kvar av kommunane mottek kvart år omlag 50 millionar kroner i overføringar frå Hydro, i tillegg til konsesjonskraft. Dette blir ikkje redusert som følgje av avtalen. At kommunane ikkje sit att med like mykje i netto inntekt skuldast det statlege inntektsfordelingssystemet, som ikkje kan lastast kraftselskapa. Hydro er heilt einig i at vertskommunar bør få ein rimeleg del av inntektene til det offentlege som kjem frå kraftverksemda.

Ikkje på uendra vilkår

Eg vil samstundes nytte høvet til å imøtegå nokre av dei påstandane som ordføraren i Ullensvang, Roald Aga Haug, tok opp i ein kronikk i Hardanger Folkeblad nyleg. Der gjentok han nok ein gong, trass i at han veit det ikkje stemmer, at Hydro og Lyse ønskjer å vidareføre konsesjonen på 60 år gamle vilkår.

Vi skal no gjennom to ulike prosessar som me må halde klart åtskilde:

1. Først må den tidsavgrensa konsesjonen gjerast om til ein evigvarande konsesjon, slik andre offentlege vasskraftprodusentar har. Her gjeld eitt sett med lovar og reglar, og det er ikkje opning for å stille vilkår ved omgjering.

2. Når konsesjonen er omgjord derimot, og først då, vil styresmaktene kunne opna for ein revisjon av vilkåra i konsesjonen. Då gjeld eit anna sett med lovar og reglar. Dette veit kommunane og deira advokatar. Det er difor heilt urimeleg å framstille Hydro og Lyse som uansvarlege og grådige aktørar, når det me faktisk gjer er å leggje prosessen opp etter dei føringane som er fastsette frå styresmaktene.

Lyse Kraft har understreka at selskapet fullt ut er inneforstått med at ein prosess med sikte på revisjon av vilkåra vil verte starta like etter omgjering. Forarbeidet til ein slik revisjon starta me for snart fire år sidan, i nært samarbeid med kommunane. I den revisjonsprosessen ser me fram til å samarbeide godt med lokale brukarinteresser for å finne konkrete løysingar på mange av dei utfordringane som til dømes grunneigarlaget i Røldal har framheva i denne debatten.

Krafta vert nytta til aluminiumproduksjon

Ordføraren seier òg at krafta frå RSK ikkje har vorte nytta av Hydro til produksjon av aluminium, men at den er seld på kraftbørsen. Dette er feil. All eigenprodusert kraft som vi har tilgjengeleg vert seld til metalldivisjonen i Hydro og vert nytta på metallverka våre. Me nyttar årleg omlag 17 TWh, og har rundt 9TWh lange marknadskontraktar. Alt det overskytande, omlag 8 TWh, er kraftvolum frå eigne kraftverk(det vi ikkje kan nytte sjølve er konsesjonskraft som går til fylker og kommunar). Ja, han har rett i at Hydro melder inn krafta på kraftbørsen, men noko anna er heller ikkje mogleg sidan krafta er nøydd til å matast inn på transmisjonsnettet. Korleis skal me elles få kraft fram til fabrikkane våre?

Etter investeringane i teknologipiloten på Karmøy produserer me no verdas reinaste aluminium påKarmøy, og mykje av det me har lært på teknologipiloten har me no overført til B-hallen på Husnes, somme nettopp har starta opp att. Dette har gjeve Husnes-samfunnet tru på framtida – etter 10 år med redusert produksjon og stor uvisse. Hydro ynskjer å satse industrielt i Noreg og nytta vår felles fornybare ressurs til å skape livskraftige lokalsamfunn.Det er rett at Hydro, som andre vasskraftprodusentar optimaliserer kraftproduksjonen etter prisar i marknaden, vêrmelding og forventa tilsig av vatn til magasina innanfor dei konsesjonsvilkåra som gjeld.Det er dette Aga Haug omtaler som effektkøyring. Det er umogleg å køyre kraftverka flatt etter konsumet til eit smelteverk, og viss me hadde forsøkt ville det ført til tap av betydeleg skatteinngang til det offentlege. Eit slikt køyremønster ville òg auka flaumfaren om våren. Uansett, ein revisjon av vilkår vil no bidra til at styresmaktene kan vege dei ulike omsyna opp mot kvarandre.

Ynskje om godt samarbeid med kommunane og lokale interesser

Hydro har i meir enn 115 år foredla norsk kraft til produkt verda treng. I dei mange lokalsamfunna vi er, har vi skapt lønsame arbeidsplassar, og lagt igjen store verdiar, både i form av skattar og avgifter, vegar og infrastruktur, og støtte til lokal aktivitet og næringsutvikling. Slik skal det også vere framover.

Uansett kor me har verksemd, om det er i Sogn, i Sunndal, på Husnes, Karmøy eller i Røldal og Suldal, så er eit godt samarbeid med vertskommunane og naboane våre særs viktig for å lukkast. Når det no er mange som meiner at me ikkje har levd opp til samfunnsoppdraget vårt lokalt, så er det noko me tek på største alvor.

Uavhengig av behandlinga i Stortinget så kjem vi saman med Lyse til å søkje å være ei positiv drivkraftlokalt i Røldal og Suldal. Lat oss starte med vilkårsrevisjonen som vi ventar at NVE vil setje i gong raskt etter behandlinga i Stortinget. Lat oss saman forsøkje å finne gode løysingar som fremmar lokal vekst ogomsyn til miljø, samtidig som det er mogleg å fortsetje satsinga på å bygge grøne industriarbeidsplassar i Noreg.

Anbefalt for deg