Skip to content
Lindy Malene Blokhus Ekeland

Stories by Hydro

Møt Lindy: - Ein god, trygg og framtidsretta arbeidsplass

Lindy Malene Ekeland, 33, er operatør ved vårt aluminiumverk på Husnes, og setter pris på tidleg ansvar dersom ein viser at ein vil, og moglegheita til å satse vidare om ein ynskjer ei vidareutdanning.

Fra

Sandvoll i Kvinnherad. Fagbrev i kjemi og prosess.

Stilling og lokasjon

Prosessoperatør på Hydro Husnes.

Arbeidsoppgaver

Har ein variert arbeidsdag der me som elektrolyseoperatørar jobbar med prossessovervåking og drifting av celler, som kan innebera å ta målingar, tappa ut metall eller skifting av anodar. 

Liker

Ein får tidleg ansvar dersom ein viser at ein vil. Samstundes som ein óg får moglegheit til å satse vidare, om ein f.eks ynskjer ei vidareutdanning.

Sosialt

Me som jobbar skift, har det iallefall veldig kjekt på jobb! Me er mykje i lag, og levande opptatt av å ha eit godt arbeidsmiljø, der alle skal bli inkludert. Me er flinke å finne på sosiale samlingar óg utanfor arbeidstida, der me gjerne går til fjells, eller reiser på tur saman.

Utvikling

Eg begynte som lærling i kjemi- og prosessfag i elektrolysen i 2009, og tok fagbrev i 2011. I åra etter har eg tatt kurs i Relasjonsledelse, og fekk rolla som avløysar for områdeleiar på skift tidlegare i år. Dette inneber mykje ny læring, og ein del ansvar. Neste no er kurs i Innsatsledelse, som er veldig spennande. Eg har óg vore lærlingambassdør dei siste to åra og har fått vore med på å rekruttere nye lærlingar. Veldig kjekt! 

Anbefalinger

Her får du ein god, trygg og framtidsretta arbeidsplass. Og ikkje minst kjekke kollegaer. 

Karriere

Anbefalt for deg