Skip to content

Anveig Bjordal Halkjelsvik blir ny fabrikksjef i Årdal

Anveig Bjordal Halkjelsvik har 18 år med erfaring frå aluminiumproduksjonen i Hydro å spele på når ho erstattar noverande fabrikksjef i Årdal, Wenche Eldegard, som går over i rolla som fabrikksjef ved Hydro Sunndal.

a town in the mountains
I Årdal produserer Hydro årleg om lag 200 000 tonn primæraluminium, 220 000 tonn støyperiprodukt og 215 000 tonn anodar.

– Fleire store investeringar dei siste åra har rusta Hydro Årdal til å levere lågkarbonaluminium av høgaste kvalitet til dei mest krevjande kundane i Europa i lang tid framover. Eg gledar meg til å bidra til å videreutvikle verket som ein framtidsretta arbeidsplass og hjørnesteinsbedrift i eit levande og aktivt lokalsamfunn, seier Halkjelsvik. 

Portrettbilde av Anveig Halkjelsvik
Anveig Halkjelsvik blir Hydro sin nye fabrikksjef i Årdal.

Halkjelsvik har eit hovudfag i miljøkjemi frå NTNU og starta Hydro-karrieren i 2006. Dei tre siste åra har ho hatt ansvar for å følge opp anodeproduksjonen i Hydro. I den nye rolla si vil ho rapportere til leiar for primærproduksjonen i Noreg, Johan Berg.

– Sjølv om aluminiumindustrien for tida er prega av ei utfordrande marknadssituasjon, er utsiktene for aluminium gode i eit Europa som skal gjennom det grøne skiftet. Metallet frå Årdal er mellom anna ein viktig del av Hydro sitt strategiske partnarskap med leiande europeiske bilprodusentar som Porsche og Mercedes-Benz. Vi er heldige som har fått Anveig til å leie verket inn i framtida, seier Berg.

Hydro Årdal har meir enn 500 fast tilsette. Med årleg kapasitet på over 200.000 tonn elektrolysemetall er verket eit av dei største anlegga for primæraluminium i Europa.

Halkjelsvik tiltrer i stillinga 2. april 2024.

Kontakt

a man wearing glasses

Jens Christian Boysen

Kommunikasjonsrådgiver, Hydro Aluminium Metal