Skip to content

Edle dropar i 50 år!

I oktober er det 50 år sidan vi i Røldal og Suldal byrja å produsera straum frå rein, fornybar og utsleppsfri vasskraft, og som med andre edle dropar vert vi berre betre og betre med alderen.

Det starta med vasskraft og visjonen til Sam Eyde og Kristian Birkeland om å temma fossen for å «skapa meir livskraftige samfunn gjennom nyskapande og effektiv utvikling av naturressursar og produkt som verda treng». Formålet vårt i går, i dag og i morgon – og veldig passande for den stolte historia og spanande framtida til Røldal og Suldal Kraftverk.

Etableringa av Røldal Suldal Kraftverk revolusjonerte vakre Røldal og Suldal, men og Karmøy gjennom å gi livskraft til aluminiumverket som stod ferdig der i 1967. Og om vasskrafta var eit symbol på det moderne samfunnet for 50 år sidan, er det eit endå sterkare symbol i dag: Evig fornybar og openbart ein del av løysinga på den globale klimautfordringa.

Les meir: Vannkraft og aluminium

Milepælen 50 år vert feira med ope hus på Nesflaten laurdag 17.oktober slik at fleire kan bli kjende med både vasskraftproduksjon og Geir Grung sin ikoniske arkitektur – frå innsida.

Kraftverka i Røldal-Suldal er og ein kraftdemonstrasjon i arkitektur.

Heile anlegget – frå turbinhallar, vassmagasin, kontrollrom til bustadar – er teikna av arkitektane Geir Grung og Georg Greve. Reinskorne, geometriske former og eit unikt samspel mellom utsprengde fjellveggar, rå betong og utsikt mot Suldalsvatnet og omkrinsande fjell har fleire gonger sikra kontrollanlegget på Nesflaten topp-plasseringar i arkitekturkåringar. Viktigare enn operaen, slo Dagbladet sin arkitekturjury fast i 2011.

Meir om programmet til feiringa av Røldal Suldal Kraftverk kan du finna her

Les meir: Gratulerer Røldal og Suldal!